Få dei siste nyheitene, arrangementa og innsiktene frå reiselivsnæringa rett i innboksen din.
Vel kva emne du ønskjer å få nyheitsbrev om.
Vil du følgje arbeidet til Norwegian Travel Cluster på tvers av alle satsingar? Meld deg på og få nyhende, innsikt og oppdateringar frå Noregs einaste innovasjonsklynge for reiseliv – for alle som vil vere med og forme framtidas reiseliv.
KI og ny teknologi endrar reiselivet i enorm fart – og med det følgjer nye spørsmål om eigarskap, lokal verdiskaping og besøksstyring. Norwegian Travel Cluster samlar aktørar for å dele erfaringar, utforske moglegheiter og ha dei viktige samtalane om kva dette betyr for destinasjonar og reiselivsbedrifter. Meld deg på og få siste nytt frå satsinga.
Tilgjengeleg reiseliv handlar om å skape gode opplevingar for alle – og samstundes byggje sterkare lokalsamfunn og ei meir lønsam næring. Med ei aldrande befolkning og ein stor del av verdas reisande med ulike behov, ligg det eit betydeleg uutnytta potensial i reisemål som er betre tilrettelagde. Norwegian Travel Cluster samlar destinasjonar og reiselivsbedrifter gjennom AccessNorway for å utvikle felles standardar, verktøy og kommunikasjon som gjer det enklare å vite kva ein skal gjere – og korleis ein møter fleire gjestar på ein god måte.
Norwegian Travel Cluster samlar aktørar som brenn for koplinga mellom reiseliv og landbruk – og som arbeider med korleis lokal mat og drikke kan bli ein endå sterkare del av reiselivsopplevinga. Meld deg på og få siste nytt om satsingar, inspirerande case og moglegheiter for samarbeid.
Reisemålsutvikling handlar om å skape gode stadar – for menneske, dyr, natur og miljø – der både gjester og fastbuande trivst. Norwegian Travel Cluster samlar aktørar som arbeider med heilskapleg utvikling av reisemål, besøksstyring og berekraftig vekst, for å dele erfaringar og utvikle felles løysingar.
Camping er ein av dei raskast veksande reiselivsformene i Noreg – om lag 1 av 5 utanlandske turistar er ein campinggjest. Det gir store moglegheiter for verdiskaping, men òg utfordringar knytt til kapasitet, trafikk og naturbelastning. Norwegian Travel Cluster samlar destinasjonar for å dele erfaringar, utvikle felles løysingar og styrkje både gjesteopplevinga og berekraftig besøksforvaltning.